Ry Cooder sitt Amerika: Get Rhythm
Av Endre Olsen
Get Rhythm (1987)
Det går årevis mellom soloplatene, men Cooder er likevel produktiv som få gjennom åttitalet; det kjem ut eit titals filmar med vår mann ansvarleg for lydsporet. Slett ikkje umogleg at dei kan få sin eigen gjennomgang. Nokre bonusspor skal eg iallfall klara å henta fram til den støtt ekspanderande spelelista. Her, fem år seinare enn sist (det er rekord), er me framme ved den beste soloplata hans frå tiåret. Låtlista er variert – frå det mest openlyse til det mest obskure, Cooder driv sjangerhopping frå calypso til rockabilly som om han smør seg ei skive, bandet (med Keltner og King som vanleg i støyten) er tent, og det er ei glede å ønskja Flaco Jimenez tilbake med trekkspelet sitt!
Cooder byr på tre eigenskrivne; Low-commotion, Going back to Okinawa og Across the borderline, i den stigande rekkefølga, og med sistnemnde eit lysår føre dei andre. Elles ser det slik ut:
Get rhythm
B-sida på I walk the line-singelen, Johnny Cash sin første nummer éin, gjennomgår nærast ei totalforvandling her. Med eit enormt hektande hook, dobla i Flaco sitt trekkspel og Steve Douglas sin saksofon, ein rytmeseksjon i verdsmusikalsk modus, mannskoret til Bobby King på hogget – og Cooder sin slide i høggir, er den rett og slett ein fest av ei innspeling! Cash sin original treng vel ikkje nokon nærare introduksjon.
13 question method
Der Cooder tok Cash si spartanske innspeling og pøste på i god «more is more»-stil (det er den einaste Yngwie Malmsteen-referansen som kjem til å dukka opp i denne serien. Lovar.), gjer han det motsette med Chuck Berry si sjekkliste for eit vellukka stemnemøte. Arrangementet er gitar, bottleneck og vokal. Resultatet er like fantastisk. Chuck sin lett karibisk-inspirerte versjon kom ut i 1961. Då var rockens rettmessige far oppteken med ei treårig fengselsstraff for å «transportera ei 14 år gamal jente over den meksikanske grensa, med uheiderlege føremoner», eller noko slikt. Eg tillèt meg å tenkja at bak den dommen ligg det eigentleg eit mykje drygare lovbrot.
Women will rule the world
Når me snakkar om Karibia. Her er me tilbake på Trinidad hjå calypso-kongen Raymond Quevedo, aka Attila the hun, der me også var på andreplata til Cooder - då med den glimrande F.D.R in Trinidad. Quevedo sine left wing politics tatt i betraktning, har me vel her å gjera med ein slags calypsoen sitt svar på Randy Newman;
There is no limit to their ambition
They’ve even gone in for aviation
And if you men don’t assert control
Your women will rule the world
All shook up
Side to opnar som side éin, med ein rimeleg utvida versjon av ein gigahit frå rockens glansdagar. Elvis sin klassikar er skriven av Otis Blackwell, og om ikkje namnet får bjeller til å ringa gjer låtkatalogen hans definitivt det: Fever, Great balls of fire, All shook up, Return to sender … og der var vel mykje gjort for lengst. Elvis er faktisk kreditert som opphavsmann ved sida av Blackwell, men var kledeleg atterhalden då han vart konfrontert med sine ambisjonar som låtskrivar:
"I've never even had an idea for a song. Just once, maybe. I went to bed one night, had quite a dream, and woke up all shook up. I phoned a pal and told him about it. By morning, he had a new song, 'All shook up’."
I can tell by the way you smell
Elvis si innspeling har over 85 millionar avspelingar på Spotify. Neste låt har nett over tusen. Det kan tyda på at denne saumfaringa av Cooder sine coverlåtar ikkje er for folkesport å rekna heilt enno. Walter Davies frå Grenada, Mississippi, var svært aktiv i åra 1930 til 1952 (då han fekk eit slag som sette han ut av spel og tvinga han til å tilbringa resten av karrieren som hotellresepsjonist) med over 150 innspelingar. Davies kompar seg sjølv på piano, stundom med ein kompis på gitar, men det er stemma hans som stel showet. Me noterer oss endå ei glimrande oppdaging.
Across the borderline, Cooder sin beste eigenskrivne song, og her i sin definitive versjon med Paris, Texas-legenda Harry Dean Stanton på gjestevokal, skal få sitt eige kapittel ved eit seinare høve. Nett no nøyer me oss med å slenga den inn i spelelista; den eine Cooder-originalen som får plass der.
Let’s have a ball
Bak aliaset Tarheel Slim (snakk om alias!) skjuler det seg den noko obskure fyren Allen Bunn frå North Carolina. Han starta karrieren sin på 40-talet med det som seinare skulle bli doo-wop-trioen The Larks. Då han på 50-talet gjekk solo, som blues-mann under eige namn, var det to andre Cooder-favorittar som backa han på hans første innspelingar; fantastiske Sonny Terry & Brownie McGhee, som er aktuelle i år med Cooder si siste plate. Der covrar han og Taj Mahall ein handfull songar frå repertoaret deira:
Elles er dette endå eit døme i Cooder-serien på grovt neglisjerte typar frå rockehistoria. Rockabilly så rått og rivande som noko anna, dette:
Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:
Publisert 10. juli 2022.