Johnny Cash – album for album #9

now.jpg

Av Endre Olsen

Now, there was a song! (Columbia 1960)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Etter å ha brukt knappe to døger på å spela inn Ride this trainset Johnny av neste skarve ettermiddagen til denne samlinga country-favorittar. Live i studio, fritt for produsentdill, med Don Helms sin steel-gitar og Floyd Cramer sitt honky tonk-piano tjukt utpå Grant og Marshall, med Gordon Terry si fele på topp, blir dette eigentleg første gong country-artisten Johnny Cash let som ein klassisk country-artist. Låtane er det fint lite å seia på, det same med framføringane, med opningslåta; George Jones sin Seasons of my heart, som bestenotering. Når det er sagt, skal det noko til å toppa framføringa til Jones sjølv:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Det same kan seiast, og dét med endå større tyngde, om den andre Jones-låten på plata; Just one more. Sakte tempo og lange tonar er som skapt for Jones sine fraseringar. Cash med sin mangel på ornamentikk (ære være han for det, altså) får mindre ut av slikt.

Kenny Rogers (ja, han var tydelegvis i drift allereie då) sin I feel better all over plasserer seg greitt i andre enden av skalaen, utan at den stinkar av den grunn. Lett forgløymeleg western swing, berre. Johnny får fot midtvegs og byksar seg oppover i vokalregisteret. Han kler definitivt mørkret best. Når ein snakkar om fot; høg fotføring i denne ivrige originalversjonen til Ferlin Husky:

Bob Wills er konge, berre spør Waylon Jennings. Det er òg dei to låtane Johnny låner av han her: Time changes everything og klassikaren My shoes keep walking back to you. 

Ein artig aktivitet ved sida av lyttinga til albumet, er å søka opp andre versjonar av låtane. Her er ein strålande versjon av sistnemnde:

Plata luskar seg jamt avgarde, i kaffislurpande sofasøndagsføremiddag-tempo, og vert kun røska i av laurdagskveld-på-Osvald-pub-låtane I feel better all over, avsluttande Honky tonk girl og interessante Transfusion blues. Interessant fordi denne skal me jo bli betre kjent med seinare, i Folsom prison. Då som den meir brutale og endå råare Cocaine blues. Her er kokainet byta ut mot ei blodoverføring (?), bitch mot woman og rå energi mot krenkefri sone. Låten baserer seg på den eldgamle folkballaden Little Sadie, som eg vanskeleg kan høyra for meg nokon gjera etter Doc Watson:

Det gjer godt å høyra Johnny synga Hank, utan det hersens hylekoret som gjerne har prega dei tidlegare versjonane hans. Den ultimate country-balladen I'm so lonesome I could cry, vert her framført med den tyngda den fortener. 

Dæven, for nokre vokalistar dei var, desse gamle country-songarane. Høyr berre på denne gjengen, med dei resterande låtane på plata:

Fin overskotsplate dette, altså. Likar du, som eg, klassisk country og Johnny Cash, likar du nok denne. Solide tolkingar, effektiv låtskriving - den lengste låten tikkar inn på 2:38 utan å ha noko usagt. Me noterer oss til slutt at dette er tredje plateutgjevinga til Johnny Cash i 1960, og at forfattaren berre er halvvegs i innspelinga av oppfølgaren til sitt eige album frå 2018. Høyrde eg nokon seia amfetamin?

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 20. mars 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #10

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #8