Løypemelding: Silja Sol

Foto: Øystein Grutle Haara

Foto: Øystein Grutle Haara

Folk me likar snakkar om ting dei likar.

Stødig leverandør av herleg hektande, og passe småfinurleg popmusikk, på sitt deilige morsmål. Med signatur i kvart pennestrøk er Silja Sol Dyngeland (30) aktuell med sitt fjerde album, flotte  «På ekte».

– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– Destiny’s Child si «Survivor»-plate var eg heilt fengsla av. På CD. Full guffe på den vesle cd-spelaren min, på det vesle rommet mitt, kvar dag etter skulen.

Tilsvarande – di siste oppdaging? 
Sufjan Stevens si «Carrie & Lowell»-plate har gjeve meg mykje ro og glede i det siste.

Sist gong du fekk gåsehud på konsert? 
– Då korona kom blei det halde ein del online-konsertar, og Misty Coast var heilt suverene på den nære, gode vibben via skjermen. Skikkeleg gåsehud og nydeleg samspel i duo-format.

Kva film har du sett flest gongar i ditt liv? 
– Det står mellom «Corpse Bride» (Tim Burton), «Fantastic Mr. Fox» (Wes Anderson) og «Interstellar» (Christopher Nolan). Då eg var liten var det «Robin Hood», «Muldvarpen» og «Jul i Skomakergata» (heile året) det gjekk i. 

skomakergata.jpg

Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy. 
– Astrid Lindgren. 

Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik? 
– Alle moglege folk, heile tida.

Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål? 
– Skulle gjerne hatt ein prat med Meryl Streep, ho er heftig rå! Same med Astrid Lindgren. For ein fantasi og litt av eit karakter-galleri ho greidde å skapa. Skulle spurt ho om livet og sånt. 

Kva ser du på for tida?  
– Gamle musikalklassikarar.

Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan? 
– Skomakarar generelt. Dei fiksar så mangt. Handverkarar òg. 

Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Eg synest den nye plata mi «På ekte», skrive med Fredrik Vogsborg, er ei veldig fin plate. Den fortener ein lytt.

Les fleire løypemeldingar her.

Publisert 27. september 2020

Forrige
Forrige

Turnédagbok av Einar Stenseng (del 4)

Neste
Neste

Turnédagbok av Einar Stenseng (del 3)